På denne sida kan du som politikar og veljar i Høyanger legge ut innlegg, saker og bilete, og registrere politiske arrangement som skal skje. Du kan også kommentere og debattere det andre har lagt ut. Sida er oppretta av firda.no og Firda for å dekkje det brukarskapte innhaldet frå valkampen, og det som vert lagt ut her kan bli brukt i Firda og på firda.no. Dei som ønskjer innlegg frå valkampen i Høyanger på trykk i papiravisa, må publisere innlegga sine her.

Stem Rødt!

Rødt Høyanger vil jobbe for økt grunnbemanning ved helsesektoren i kommunen. Vi står ved et veiskille, der Samhandlingsreforma snart innledes, og dårlige og hjelpetrengande mennesker blir sendt tidligare heim til en allerede pressa kommune. Er vi beredt? Rødt Høyanger vet at kommunen vår innhar mye god kompetanse, men er òg smertelig klar over lav grunnbemanning og høgt sjukefravær ved institusjonane. Hvem kjemper for helsepersonellet? Vi hører fra sentralt hold at alle skal få sjukeheimsplass de neste åra. Vel og bra, men hvem skal ta vare på pasientene når de er kommet på plass? Vi vet jo alle at deltidsstillinger, ufaglært arbeidskraft og trusselen om stadig mer ansvar sliter. På tide at noen jobber for oss. Det gjør Rødt Høyanger.

Framtida for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane

Sogn og Fjordane Fylkeskommune held på med å utvikle eit nytt mål- og strategidokument for vidaregåande opplæring. I samband med dette arbeidet vert ein tvinga til å sjå på konsekvensane av synkande elevtal i fylket fram mot 2018. Tala viser 600 færre elevar og difor også kutt i overføringar frå staten. Fram mot 2024 syner tala ytterlegare nedgang.

Korleis skal vi møte desse utfordringane? I NRK kunne dei 30. august vise til eit høyringsdokument frå opplæringsavdelinga i Sogn og Fjordane som seier at det mest realistiske er å kutte 1-4 vidaregåande skular og sentralisere programfag.

Framtida for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane

Sogn og Fjordane Fylkeskommune held på med å utvikle eit nytt mål- og strategidokument for vidaregåande opplæring. I samband med dette arbeidet vert ein tvinga til å sjå på konsekvensane av synkande elevtal i fylket fram mot 2018. Tala viser 600 færre elevar og difor også kutt i overføringar frå staten. Fram mot 2024 syner tala ytterlegare nedgang.

Korleis skal vi møte desse utfordringane? I NRK kunne dei 30. august vise til eit høyringsdokument frå opplæringsavdelinga i Sogn og Fjordane som seier at det mest realistiske er å kutte 1-4 vidaregåande skular og sentralisere programfag.

Vil DU ha ei offensiv satsing på næringsutvikling og nyskaping i Høyanger kommune? Stem Arbeidarpartiet!!

Ved valet i 2007 var vi inne i den lengste oppturen i verdsøkonomien i moderne tid. Hausten 2008 råka ”finanskrisa” Noreg og Høyanger, og vi erfarte med eit kor sårbart vårt samfunn er med mykje eksportindustri. Både Hydro, ERAS og Fundo Wheels AS med sine underleverandørar fekk føle krisa på kroppen, og Fundo gjekk konkurs. Over 300 mista jobben, og ved NAV Høyanger meldte det seg langt over 200 arbeidslause fredag den 13 februar 2009.

Kultur og omdøme i Høyanger kommune

Rådmannen i Høyanger kommune har kome med framlegg om å gjenopprette stillinga som kultursjef. Høyanger SV er svært glade for dette!

Høyanger SV er i vårt valprogram klare på kva vi vil; å få kultursjefstillinga tilbake OG auke støtte til det frivillige organisasjonslivet. Vi ynskjer også å styrke kulturskulen.
Kulturetaten har over mange år har vore skore til beinet. Vi har ein kulturskule som for få år sidan heldt på å bli nedlagt (Høyanger kulturskule har pr dags dato heller ikkje eigne og eigna lokale). Distriktsmusikarordninga der kommunen stod for berre halvparten av kostnaden vart sagt opp. Kulturkonsulentstillinga vart splitta opp i delte stillingsbrøkar, og ingen sat lenger med ein koordinerande funksjon. Frivillege lag og organisasjonar har opplevd å få mindre i støtte og/eller fråfall av subsidierte tenester. Det siste er spesielt merkbart for korpsa i kommunen, og auka tilgong til rimelege tenester frå musikkpedagogar/dirigentar er noko som vert etterlyst, gjerne før auka tilskot.
Les mer…

Kulturskule for alle - har vi råd å la vere?

Regjeringa si målsetjing for kulturskuletilbodet er eit ”kulturskuletilbod av god kvalitet til ein rimeleg pris, for alle barn som ønskjer det”. Opplæringslova slær fast at ”alle kommunar skal, åleine eller i samarbeid med andre kommunar, ha eit kulturskuletilbod til barn og unge, organisert i tilknyting til skuleverket og kulturlivet elles”. Det er vidare etablert ei felles forståing for utviklinga av kulturskulane som lokale ressurssenter, og at det er eit lokalt ansvar å legge til rette for gjennomføringa av dei overordna føringane.

Høyanger kommune medfinansierer ruta til MS Sylvarnes

Høyanger kommunestyre vedtok 16.juni kommunal medfinansiering av båtruta mellom Nordeide – Måren – Ortnevik. Denne ruta har tidlegare vore fullfinansiert av fylkeskommunen. Utifrå at fleire kommunar tidlegare har finansiert store delar av liknande ruteopplegg, vedtok fylkestinget i 2010 ein mal for fylkeskommunal finansiering. Kommunane fekk så tilbod om å finansiere det resterande for å oppretthalde dagens rutetilbod.

Høyanger Arbeidarparti har vore tett på og aktive opp mot denne saka frå dette vart gjort kjent. I eit perspektiv av at det gjeld for ein anbodsperiode fram til 2020, ser Arbeidarpartiet denne saka som ei av dei aller viktigaste kommunestyre har hatt føre dette året for sørsida og Måren sin del.

Fylkesbåtane (Fjord1)

Samfunnsdemokratane vil kjøpe tilbake fylkesbåtane, og få flagget til topps igjen!

Kreftene og arbeidsstyrken vår må nyttast til verdiskaping og gode tenester i Sogn og Fjordane.

Høgre`s janusansikt

Arbeid for alle er og blir jobb nr ein for Arbeidarpartiet . Omstillingsmidlar og verktøy i verktøykassa står sentralt for oss for å opprettholde og skape nye arbeidsplassar.

Arbeidarpartiet stilte bla krav om omstillingsmidlar på 100 millionar til Høyanger og Årdal samfunna då vi inngjekk budsjettforlik med Høgre,Krf og V i 04 . I mange valkampar har Høgre prøvd å teke æra for at desse midlande kom på plass. Det var desse midlane som vart brukt til å etablere bla Dooria fabrikken. Det har vore ein god arbeidsplass for om lag 30 personar i fleire år. Arbeidsplassar som Høgre no meinar ikkje skulle vore der.

Høyanger kommune og samhandlingsreforma

Auka kunnskap for å levere gode helse-/omsorgstenester og ikkje økonomiske innsparingar må vere målet for det eine kommunale fellesprosjektet. Det er ikkje akseptabelt med lokale telemedisinske tenester før desse er på høgde med meir sentraliserte løysingar. Raudt Høyanger stilte på kommunestyremøte 26. mai framlegg om dette, men fekk berre med seg SV-representanten. Mange synes det er rart at ingen i AP brydde seg trass i at mange av deira meinige medlemar sikkert er samde med Raudt i dette.

Raudt Høyanger meiner at auka grunnbemanning innafor eldreomsorg og oppvekst, og betre arbeidsmiljø generelt, vil bety meir for arbeidstakarhelsa og folkehelsa enn samhandlingsreforma. Grunnbemanninga må aukast fordi kommunalt tilsette slit ut helsa på tungt arbeid som skulle vore fordelt på fleire. Raudt vil føreslå dette både ved at kvinner på ufrivillig deltid får auka stillings-prosentane sine og ved forsøk med sekstimars arbeidsdag. Dette treng ikkje alltid koste så mykje meir økonomisk; både fordi det inneber at kvinner får stillings-prosentar tilsvarande deira faktisk arbeidstid og fordi overtids-/vikarutgifter kan reduserast. Høyanger kommune burde sjå til kva som er oppnådd i Kristiansund kommune (sjå Fagbladet nr. 6/11).

Ta grep om valkampen i Firda

I år er det igjen duka for kommune- og fylkestingsval, og Firda ønskjer deg velkommen til vår valsatsing på nett og papir.

Les meir

TILBAKE TIL HOVUDSIDA:

Val 2011 Høyanger

Følges av 32 medlemmer.

Val 2011 Høyanger er Firda og firda.no sin inngangsportal til det brukarskapte innhaldet for kommunevalet i Høyanger. For å bidra må du bli medlem av sona. Alt innhald frå denne sona kan bli nytta av Firda og firda.no. Mer om sonen

Origo Val 2011 Høyanger er en sone på Origo. Les mer